Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Eg segjer som Meistaren: vaart Liv skal
vera aa gjera Guds Vilje.
Per (sinna; knotar). «Dersom vi sige at vi have
ikkje Synd, so bedreg me oss sjølve, og Sandheden er
ikkje i oss!»
Paulus. D’er sant, Per. Men den same Johannes
segjer i det same Breve, at «kvar den som er i honom,
syndar ikkje, og kvar den som syndar, han hev ikkje
sét honom og ikkje kjent honom!» Og enn meir segjer
han paa same Stad: «kvar den som er fødd av Gud,
han kann ikkje synde!»
Per (hoppar fræsande ikring). Me hev Synd! Me
hev Synd! Den som segjer anna er av Djevelen!
Paulus (smiler). Du strider for Syndi som ein
Mann, Per. Som rimelegt kann vera; for Syndi er kjær;
det den gamle Adam aira sist vil uppgjeva, det er
Gjerningane sine.
Per. Hev eg kje Rett, Lars?
Paulus. Du hev Rett, Per. Me hev Synd. Det er
det som Paulus kallar Syndelovi i vaare Lémir.
Per. Naah! Ja kva er det du vasar etter daa?
Paulus. Veit du kva den same Paulus segjer trast
etterpaa? Han segjer: «eg syndar ikkje, men Syndi
som bur i meg!» Forstend du det, Per?
Lars. «Hvo som ser paa en Kvinde —»
Paulus. — «til aa lyste etter henne», ja! So snart
du læt Tankane bli til Lyst, til Vilje i deg, Per, so
syndar du.
Lars. Kjære deg Paulus, du er so fus i Ord; men
du veit godt at me er skrøpelege.
Paulus. Naar me er skrøpelege med Vilje, so
syndar me. Men den som syndar, — «han hev aldri sét
honom og aldri kjent honom!»
51
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>