- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
52

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Per. Alle Guds Mennar hev vori skrøpelege! Sjaa
David! Sjaa Petrus! (til Lars) Han er rivande galin.

Paulus. «Den som segjer at han vert verande i
Kristus, han er og skyldig til aa fara soleis fram som
han för fram.» Og kjem du uviljande til aa gjera noko
vondt, Per, so skal du gjera det godt att, og helst meir
enn godt att; gjer du kje det, so kunde du liggje paa
dine Kne til Domedag og beda um Tilgjeving; det vilde
inkje nytte deg.

Lars (bønlegt). Før ikkje lett Tale, Paulus. Du
veit, at me ikkje berre syndar, men at me all igjenom
er Synd; ja at endaa vaare beste Gjerningar er som eit
besmittet Klædebon.

Paulus. Skal det kunna hende, at ein Mann som
vil vera kristin skuldar Jesus for lett Tale? — Jesu
eigne Ord er det eg legg fram, og Ord av hans næraste
Apostlar. Og Gud skal vita at eg ikkje fer med Fjas
no. Det er eit Aalvor so tungt, at eg skjelv under det.
«Den som segjer at han kjenner honom, og ikkje held
hans Bod, han er ein Ljugar, og Sanningi er ikkje i
honom!» Og «synda me med Vilje, etter at me hev
fengi Kanning paa Sanningi, so stend ikkje meir noko
Offer att fyri Syndi»; — inkje noko Offer, Lars!

Lars (reiser seg. Skjelvande). Tenk deg um,
Paulus, for Jesu Kristi Skuld. Du vil daa ikkje vera visare
enn heile Kyrkja, som gjenom alle Tidir hev avlagt
Vitnemaal um Syndi og Naturens Vanart; og du er
daa ikkje so formasteleg, at du innbiller deg... aa vera
syndefri.

Paulus (bleik). «Ver fullkomne, liksom Faderen i
Himilen er fullkomin!»

Per (til L ar s). Treng me meir Vitnemaal?

Paulus. Sjaa deg ikkje um etter det som er bak
deg, Per; frisk og glad skal du gaa fram i Guds Kraft

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free