- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

usamde, tri mot tvo og tvo mot tri; Fader skal vera
usamd med Son og Son med Fader, Moder med Dotter
og Dotter med Moder»; «Born skal setja seg upp mot
Foreldri og slaa deim i Hel» –-

Paulus. Og denne Sverdsendaren og Eldkastaren,
denne Altumveltaren og Altumstøytaren, han som var
komin til aa gjera det laage høgt og det høge laagt og
reise Kongar og Fyrstar mot seg til ein Verdensstrid,
— han hev me no gjort um til ein litin Søtejesus, ein
Damejesus, ein Bønebokjesus, ja til ei Samfundsstøtte,
eit Hengjelaas for vaare Matbur og Pengeskrin, og ei
Nattluve for gode Borgarar; og Evangelie for dei fatige
hev me gjort um til ein Mur og ei fast Borg for dei
megtige i Verdi! Kongar og Fyrstar skulde reise seg
imot oss for Jesu Namns Skuld; no stend Jesus
Skjoldvakt for desse same Kongane og Fyrstane. Og dei feitar
og fyller seg i hans Namn, og spelar og horar i hans
Namn, og krigar og drep i hans Namn, og ranar og
røvar og stél i hans Namn; og Kristi Tenarar stend
tvi-bøygde og velsignar deim i hans Namn, og gjer Dørine
vide og Portane høge for deim, og tek imot Ros og Ære
og Magt av deim; ja sjølve det heilage Embætte tek dei
imot av desse same Heimsens megtige. Og
Kristin-domen som skulde velte og ny-reise Verdi, er gjord um
til ei Allemannsflatseng... Er det ikkje forunderlegt
som alt er umsnutt, Tore?

Tore (smiler). Det maa vera Fandens
Meistar-stykke, dette, daa han fekk Kyrkja umbygd til sitt
Bruk, og det so fint at ho enno trur ho er Kristi Kyrkje.

Paulus. Ja det bannar ho paa kvar Dag. Tie
tu-sund Professorar granskar Skriftine og finn ut Spraak
og Prov for all Ting, so at um det kjem ein stakkars
Faaming, ein Framand i Israel, og segjer: ja men —
var der kje noko um eit nytt Liv? eit nytt Rike? ei ny

5 — Garborg V.

69

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free