Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ut i Arbeide og den daglege Tenesta. Farvel, Tabitha.
Farvel, Evelinde!
(Tabitha svarar ikkje.)
E v e 1 i n d e. Guds Fred i Huse!
(Gjeng mot Døri.)
Helga (som hev stadi halvt burtved, myrkt
stirande). Evelinde.
E v e 1 i n d e. Ja, Syster Helga.
Helga. Du kann — koma upp til meg ein Dag.
Eg vil — tenkje meir paa dette.
Evelinde (stilt). Takk, kjære Syster. Eg vilde
so gjerne tene dykk. (Ut.)
Paulus (ser paa Helga, som vender seg ifraa
han). Du hev visst ikkje sovi stort, Helga. Du ser so
trøytt ut. Her er urolegt for deg i Dag.
Helga. Det gjer kje noko. (Tek seg til Hovude.)
Berre eg kunde faa det til aa vera rolegt — (mest
skrikande) her inne!
(Gjeng mot Kammersdøri. Paulus styd henne, uroleg
og ottefull.)
Paulus. Kjære Helga, du maa ikkje taka det for
tungt, dette. Me skal stelle det so godt for deg som
me kann. Og du skal sjaa kor godt det skal gaa, Helga.
Me skal faa det mykje rolegare og fredelegare ut paa
Heidi enn her, ser du!
Helga (stanar og ser paa han). Meg hev du ofra;
var det kje so?
Paulus. Eg fær deg att.
Helga. Du tek det so rolegt.
Paulus. Eg veit det so trygt. Gud vil kje at Mann
og Kone skal skiljast. Og han hev vendt Hugen din til
meg, so at naar du fær tenkt deg um, so kjem du —
heilt.
75
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>