Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Helga (um Halsen hans; glødande). Du kjære, —
du beste av alle Mennar! (Græt.) Eg kann tru so fast
paa deg stundom ...
Paulus. Eg skal lære deg aa tru paa ein som du
kann lite fast paa alltid.
Helga (slepper han; kaldare). Kann eg kje lite
alltid paa deg.
Paulus. Kva er eit Menneskje. So lengi eg er meg
sjølv, kann du tru meg; men sovnar eg av og det vonde
fær Magti, so veit du kor mykje eg er aa tru.
Helga (stirande, mullar). Kann han vera falsk
endaa.
Paulus. Kva segjer du, Helga ?
Helga (stirer lengi paa han). Hadde du selt Hove,
dersom det hadde vori... ei onnor som hadde vori Kone
her?
Paulus (rædd; mildt). Du er kje frisk, Helga. Kom;
du maa kvile deg; du maa halde deg i Ro. D’er berre
det at du ikkje er frisk. Daa kjem det so mange...
urolege Tankar. (Tek henne inn til seg.) Ver roleg,
Helga. Du veit so godt at eg tenkjer berre paa deg.
Kom no.
Helga (viljelaust med. Halvt graatande). Aa, aa,
kvi skal eg liva, kvi skal eg liva...
(Dei er inne i Kammerse. Ein høyrer)
Paulus (tala, roande og godslegt som til eit Barn).
So Helga. So; legg deg no godt, og ver trygg. Bry deg
kje um... alt slikt Tufs som Sjukdomen jagar upp i
ditt stakkars trøytte Hovud. Vil du eg skal sende han
Tore inn til deg?
Helga. Eg vil inginting. Lat meg vera; lat meg
vera.
(Rolegare.) Lat meg faa kvile. Det gjeng nok yvi.
76
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>