- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Maren (smeller i aa læ). Haa, haa, haa! nei no
maatte eg smile, sa han Per Graps, han lo Kjeften or
Led; haa! haa! haa! haa! Slikt eit gamalt Braffebeist
som eg er!

Paulus (innlystig). Lær du aat det, Maren?

Maren. Gu gjer eg so! Haa, haa, haa; nei du er
daa den verste Galningen. — Haa, haa, haa, haa! —
(aalvorsam) Ja hadde det vori i mine unge Dagar!

Paulus. Aa du er Gjente enno du, for den Skuld.

Maren. Gu er eg so! Med tri Ungar og seks Aar
paa Tukthuse! — eg er nok so fin ei Gjente som
Brure-slaatt kann gaa for! (Sukkar.) Aa ja, ja, ja. —
(Rettar seg att.) Nei du skal kje gjera Narr av eit gamalt
Skinn, Paulus; d’er Synd, det.

Paulus. Du kjenner meg ikkje, naar du trur eg
gjer Narr, Maren. Eg er mest utlærd Prest, eg.

Maren. Ja kom du so langt ?

Paulus. Av sjølve Prestlæra hadde eg kje att meir
enn dei tri siste Kapitel i Johannes’ Opinberring.

Maren. Nei eg segjer meg so. — Var dei so vande,
dei Kapitli daa, med di du slutta naar du var so nære
innpaa.

Paulus. Nei slettikkje. Det vandaste er det um det
store Dyre, du veit, og so um Antikrist; men det kunde
eg paa Fingrane.

Maren. Nei, nei, nei. Nei! at Folk kann ha Hovud
til slikt. — Ja eg visste nok, du var klok–

Paulus. Nei; du maa tru det var nok ikkje for det
gode eg slutta, Maren.

Maren. Er det sant det ?

Paulus. Det var berre ideleg Utukt og Fyll som
gjorde det; eg var so nedpaakomin, Maren, at dei kunde
kje ha slikt eit Svin paa Presteskulen lenger.

Maren. Ja dette hev eg høyrt. (Lær uviljande, men

91

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free