- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
92

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hjarteleg.) Nei tenk, so du var ikkje likare du heller,
Paulus.

Paulus. Aldri det Slag betre enn du var eg. Det
var berre eit Raam at eg slapp Tukthuse; eg skulde ha
vori der, eg au; (løyndomsfull) eg skal segja deg, eg
hadde havt aa gjera med ei gift Kone.

Maren. Nei d’er kje sant.

Paulus faalvorsam). So sant som eg her stend. —
Trur du no at det kann bli Folk av Fant, Maren?

Maren. D’er kje alle som hev so godt To i seg
som du.

Paulus. Godt To ? Toe hev me fraa Vaarherre, so
det er alltid godt nok. Og vil du tala um det, so skal
eg segja deg noko, Maren. Eg hev lært so mykje baade
av eit og anna Slag, at eg ser djupare inn i Folk enn
Stormengdi. Og det var kje lengi fyrr eg saag, at du
i Grunnen er eit greidt Kvinnfolk, du Maren.

Maren (gjøld). Aa Gu’ bære oss, Paulus.

Paulus. Eit kontant Kvinnfolk er du. Ja; det er
du. Du maa kje tru du lurer meg paa slikt, Maren. Det
kann nok hende du ikkje skynar det sjølv; men eg veit
det, eg.

Maren. Aa, du veit —; eg var eit greidt Kvinnfolk
ein Gong.

Paulus. Ja det er som eg segjer: det er godt To i
deg; og naar der fyrst er godt To, so sit det i, — um
ein so hadde vori paa Tukthuse alle sine Dagar. Dermed
ser du, at det er kje rett av deg aa læ aat meg, naar eg
vil ha deg til Tjenestgjente.

Maren. Du kann vita det var kje paa vondt; det
var berre — det kom so uventande, ser du. Eg er kje
van med at Folk talar til meg paa den Maaten.

Paulus (svivyrdsleg). Vil du bry deg um Folk.
Veit du kje korleis Folk er. Nei no skal du kje bry deg

92

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free