Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det Slag um Folk, men berre koma her i Morgo og hjelpe
meg med aa rydja upp Stogo mi; du ser korleis her ser
ut! — Eg treng eit sterkt og mannslegt Menneskje her;
og du skal sjaa me skal nok koma til Lags med
einannan. Me er like, du og eg; me er Brot-Bjønnar baae
tvo, og likar aa ta dugeleg i — baade med Kjeften og
med Nevane.
Maren (lær fornøgd). Ja du er løgin, du Paulus.
Paulus. Ja no gjer du det daa, Maren!
Maren (innlagd; mannslegt). Ja du veit, er det so
du meiner det, so skal det visst ikkje staa paa meg. Du
hev vori so greid mot meg, Paulus, at kann eg gjera
deg noko att for det, so skal det visst ikkje vera meg
imot. (Modig.) Eg kann gjerne hjelpe deg med Vask
og Skuring her, til dess du fær Kona di ut; du maa
kje tru det var Meiningi at eg vilde vera vrang mot deg.
Paulus. Det var det eg visste, Maren; du er kje
soleis, du. Og naar Helga kjem, so kann me sjaa meir
daa; kann godt hende me kjem til Lags daa au; Helga
likar greide Kvinnfolk likso vel som eg; ho er greid
sjølv, ho.
Maren (ruggar paa seg og rister paa Hovude. Mest
for seg sjølv). Aa nei; aa nei; det gjeng nok ikkje,
Paulus. Ho ser ikkje so djupt i Folk ho som du.
Paulus. Ja ja, me fær sjaa, Maren. I alle Tilfelle
er daa me komne til Lags; det er alltid eit Stykke paa
god Veg.
Ja so liter eg paa det daa.
Maren. Ja det kann du lite paa so trygt som Berge
det, Paulus. Eg er kje av deim som segjer anna enn eg
meiner. Eg skal koma i Morgo so visst som Soli; det
kann du be Fanden ta deg paa.
Paulus. Det er godt. Og so er det ein Ting eg hev
tenkt paa, Maren. Skulde du kje like aa faa deg ei Ku?
93
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>