Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
(Køyredur utanfyri.) — Ja so kjem eg i Morgo daa.
(Gjeng braadt burt til han og tek han i Handi.) Du
skal ha Takk for i Dag, Paal; regtigt Takk skal du ha.
Det er nok kje mange som røder soleis med meg som du
hev gjort. Farvel og Takk daa!
(Jens Eide kjem inn. Ferdaklædd, med høge
Reisestyvlar og Svipe i Handi. Paulus nikkar til han.)
Paulus. Farvel, Maren; velkomin att. Og den Kui,
den skal me tenkje paa!
Maren. Ja gjer meg no kje reint ør heller; eg kann
vera gali nok fyrr. Farvel, Paulus!
(Med mannslege Stig ut.)
Jens. Skal du frelse — (nikkar attyvi med Hovude)
henne der au?
Paulus. Um nokre Aar skal Maren Doktar vera ei
av dei likaste me hev, Jens. Ho er frisk i Roti ho, skal
eg segja deg. (Fær fram ein Stol.) Set deg, Lensmann.
Jens. Takk. (Vert standande.)
Eg kann helse deg fraa ein annan god Ven, Rasmann
Rotteholen. Han laag i Vegveita nedved Myrekyrkja so
full som eit Svin.
Paulus. Det tenkjer eg nok.
Jens (ser paa han ei Stund. Gjeng att og fram).
Kunde vera rart aa vita korleis du vil «frelse» slike
Ubeist.
Paulus. Det skal eg segja deg, Lensmann. Eg vil
frelse deim ved aa gjeva og aldri krevja.
(Jens dreg paa Aksline.)
Seg meg, kjenner du noko til det dei kallar «kristeleg
Godgjørenhed» ?
Jens (heile Tidi ordknapp og mutten). Nei.
Paulus. Det er aa hjelpe verdige trengande mot
at desse til Takk for Hjelpi skal umvende seg. (lær)
95
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>