Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ha-ha! næst Patigkassa er vel dette den løglegaste
Skalkeherming paa kristeleg Fatighjelp ein kunde
upp-tenkje.
Jens. Innbiller du deg at du ikkje ventar Takk ?
Paulus. Takk kann eg ikkje so lett sleppe. Men
eg talar daa ikkje Gudsord til deim.
Jens. Skal det vera so kristelegt ?
Paulus. Ja; hev du kje lagt Merke til det ? —
Jesus er Aristokrat. Han talar naar Folk vil høyre, og
han svarar naar nokon kjem og spyrr; men han
klengjer seg aldri innpaa nokon med Visdomen sin, ■— kastar
ikkje Perlur for Svin, Jens.
Det var min Namne Apostelen, som tok til med det.
Jens. Du er ikkje fornøgd med din Namne
Apostelen?
Paulus. Han var ein Demokrat. Det var han som tok
til med aa frie til Fyrstar og Landsherrar og den store
Mengd; difor var det dg han som tok til aa slaa av paa
Kravi og gjeva Farisæar-Reglar og lære
Utanpaa-Kristindom. Det tyder alitid paa Nedgang, naar der
vert Reglar og Uppskriftir for det ytre Liv. Ein Kristin
liver ikkje etter Reglar. Han liver etter Guds Vilje;
uten Tvang og Tilskaping liver han etter sin nye Hug,
som ikkje er anna enn hans medfødde Menneskjehug,
lyft og reinska for alle Huldre-Haattar.
Nei; Paulus er ikkje min Mann. Fraa den Tidi han
kom upp, vart det og Slutt med den kristelege
Kommunisme.
Jens. Aha.
Naaja, du vedgjeng, at det er Kommunisme, det du
fér med. Seg meg, trur du Samfunde kann staa paa
kommunistisk Grunnlag?
Paulus. Samfunde ? — Eg forstend kje kva det
kjem meg ved, um Samfunde stend eller feil. Eg bed
96
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>