- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
97

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kvar Dag i mitt Fadervaar, at Guds Rike maa koma;
og det kann staa paa kommunistisk Grunn.

Jens. Du sa ein Gong at du var Bygdepolitikus;
kva meinte du med det?

Paulus. Eit rolegt og vent og hyggjelegt
Bygde-eller Grendeliv, — eit broderlegt Liv millom
Likemen-nar som held av kvarandre og hjelper kvarandre og
liver fredeleg saman utan Lensmennar eller andre
Herrar, yvi seg, — det er den kristelege Samfundsskikk.

Jens. Aahaa. Anarkisme.

Paulus. Namne skjemmer ingin.

Jens. Naa; um ikkje Samfunde kjem deg ved, so
skulde du vel ikkje vera reint likesæl um Kulturen?
Du ser vel, at dette du kallar Kristindom er
kultur-fiendsk?

Paulus (smiler). Kultur. De Huldrefolk. Dykk
sjølve imillom hæder de Kulturen; kva sa Jean Jacques ?
Men vil ein Kristmann segja eit Ord — Vakt i Gevær!
Daa er med ein Gong Kulturen det høgste i Verdi.

Jens (med Akseldrag). Kultur og Kultur —. Eg
krev ein Kultur som skaper Stil i Live, og sterke, heile
Menneskje. •

Paulus. Daa vert eg au Kulturmann. Eg kjenner
berre ei Magt i Verdi, som kann skapa heile Menneskje.

Jens. Det kjenner me. Men kvar gjer du av
Vitskapen ?

P a u 1 u s.’ Den einaste Vitskapen eg ikkje vil kunna
bruke er vel* 7smiler) Rettskunna.

Jens. Takk. — Enn Kunsten ?

Paulus. Varietékunsten vil det gaa gali med. Men
var eg Diktar eller Kunstnar, — so forstend eg kje anna
enn eg maatte setja meg til aa dikte og spéla og maale
av all mi Magt; for du veit ikkje kor forunderleg rik
og fager og gaatefull-Verdi no hev vorti for meg.

97

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free