- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
124

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ningi. Det maatte vera annarleis aa forstaa; eg maatte
ha so mykje Fortolking. Men det er beint-fram aa
forstaa! Og me kann gjera det!

Paulus. Han legg aldri paa oss meir enn me evler,
Gudleik.

Gudleik. Nei! — For naar ein er so fri og glad
og trygg som eg er, so kann ein ikkje hata! — Og tenk
hemne seg! — Eg er so utanfor og ovanfor og burte
fraa alt dette dei fer med; naar eg ser dei gjeng der
og strævar og balar og liksom vil gjera meg vondt, og
so piner dei berre seg sjølve, — eg kunde graate, so
Synd tykjer eg i deim; ja er det kje i Grunnen berre
naturlegt, Paulus?

Paulus. Eg las ein Gong hjaa ein Diktar at det var
laak Moral aa snu det høgre Kinn til, naar ein fekk eit
Slag paa det vinstre. Daa lo eg. Dei er løgne naar dei
vil vera vise, desse Haugkallar og Jordkrabbar. Eit
Kinnslag for den Kristne, — det er som naar ei Kjempe
vert ruska i Skjegge av eit lite Barn. «Au, au!» klynkar
Kjempa og snur den andre Sida til; «no maa du ruske
der og, so eg fær kjenne kor vondt det er!» Og Barne
ruskar, og Kjempa klynkar; gjev so Barne eit Søteple.

Gudleik. Ja for det som dei kallar vondt —;
Tingen er at me hev kvar sitt Tungemaal, me og dei,
— dei som er utanfyri.

Paulus. Ja; i Kveld skal du tala, Gudleik. Du skal
tala um dette; eg treng sjølv til aa høyre dette Orde
i Dag: elska dei som hatar deg, og velsigna, naar dei
bannar!

Gudleik. Kjære Lærar; — ja du vert banna no.
Og var det nokon eg kunde hata, so var det desse som
bannar deg.

P a u 1 u s. Hata deim ikkje; dei veit ikkje kva dei
gjer. (Sukkar.) Men her um Dagen vart det slengt eit
Ord etter meg som verkjer og brenn i Hjarta mitt som

124

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free