- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
138

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

uppe i denne store Himilen budde min Gud. Stundom
kjennest det som han maa bu der enno. Og i Kyrkja
bur han. Det veit eg, naar eg ikkje serskilt hugsar
meg um.

Men inne i Kyrkja vaagar eg meg ikkje. Eg veit at
kom eg der inn, so kvarv han heilt burt for meg.

V.

Heilag er den stille Bygdi; alle Vegar fører til
Kyrkja.

Og Live samlar seg der og vert vigt; og Helg og
Høgtid legg seg yvi Land og Leid fraa det kvite Altar med
Stakane og det heilage Staupe.

Og Klokkune signar og syng, og paa Jordi er Fred,
og Soning for Sorg og Syndir.

Men uppe i Taarne, i Myrkre utanfyri, der spøkjer det
vonde; der galdrar Trollkjeringar med svart Kunst, og
spinn Uraadir, og lyser Ubønir, og sender Vanhug og
Vantrivnad ut yvi deim som ikkje stengde for Dørir og
Tankar med Vigsle og Kross og det heilage, sterke
Fa-dervaar. Og Midnettes Bil naar alt søv, stig or vanstelte
Gravir Sjæline som ikkje fekk Fred, og søkjer heim att
til det dei elska paa Jordi eller hata.

Himilbru er Kyrkja, og Hélgrind, Porten millom der
uppe og der nede og her, det store Vegskil og Vegamot.
Her liver det ukjende, Magtine, dei høge og dei laage,
dei som spinn Lagnaden og raar for alt Liv. Og naar
Folke møter til Helg, so er det Helg. Gud er tilstades
sjølv, Faderen, Sonen og Anden; men utanfor sit den
vonde og bit seg i Fingrane; for no hev han ingi Magt.
Og gjenom Ord som Verdi ikkje forstend klaarnar fram
for den barnslege Hug Livsens truskyldige Meining.

138

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free