- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
139

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Du gamle kvite Hus. Eg rømde fraa deg som fraa alt,
og er no framand her som all Stad. Men enno stend det
Fred av deg. Yvi alt, alt legg du Fred.

Eg maa til Kyrkja ein Dag; mangt hev eg der aa
minnast.

VI.

Her kviler ho Mor. «Den som bliver troe indtil Enden
skal blive Salig.»

Ja du var tru til Enden. Aldri livde du deg sjølv. Du
tente i ditt Tempel som var ditt Hus, utan Knurr og
utan Krav alle ditt Livs Dagar. Og Sut og Saknad var
di Løn. Og ingin sagde deg Takk. Men dei som tok di
Teneste gløymde deg; ja dei som skyldte deg Live
gløymde deg. Stundom saag du paa oss og undrast; og
i stille Nætar grét du visst tidt. Men du sagde ikkje
noko, og arbeidde. No er du sæl; for du kviler. Men me
som gløymde deg minnest alt no. Og søkjer i einslege
Stundir Gravi, og held vaar Bøn her, framfyri ditt stille
Minne.

Men Far, Stakkar. Han hev ingin Hovudstav. Og
sjølve Gravaren veit ikkje lenger kvar han ligg. Han
døydde i Rædsle og Sjælesott; og dei rettferdige heldt
Dom og sagde: han var ikkje som ein av oss, at han
skulde minnast.

Men han er her. Eg kjenner han. Det gjeng meg som
ei Kjøling gjenom Blode; eg er rædd men i Rædsla
roleg: han maa vise seg. Han maa kjenne at eg er her;
at eg ventar; at eg hev noko aa beda han um.

Ja gjev han kom. So eg kunde faa segja han alt. Og
segja han at eg skynar alt. For eg kjenner hans
Angest; den skjelv no i min eigin Barm. Og eg veit, at

139

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free