Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
den som gjeng hans Veg, han hev havt sitt Helvite
fyriaat.
Farvel, Far. Kvil i Fred, framleides og æveleg. Og
tilgjev. For no er eg sjuk og aaleine som du.
VII.
Eg hev sét meg ut ei Kraa paa Kyrkjegarden,
attunder Pilegjerde, ein Stad der det er Kveldsol og Livd for
Nordvesten. Og han Gunnar, Namnen min, Gravaren,
lovar at eg skal faa liggje der.
Han er ein aldrande Mann; og han liver millom dei
daude og talar ikkje. Men daa eg bad han um dette,
saag han paa meg og sagde eit Ord: «Du er ein
framtenkt Mann du,» sagde han. Eg svara: «det vert ikkje
langt fram.»
I solvarme Middagsstundir sit eg i den Kraai; og det
er som eg sat paa mi Heimetropp. For me braakar og
balar og vil vinne Verdi, men er til Slutt glade at me
hev denne vesle Flekken trygg.
Draumar, Vonir, Elsk, Lyst, det var Vette-Ljos som
dansa for meg og lokka meg lenger og lenger ut paa
den vide Myri. So slokna dei eitt etter eitt. No sloknar
eg sjølv, og ser at eg var ein Draum og ein Lyktemann.
«Du er reint eismal du?» segjer Gravaren; han røder
stundom med meg no.
«Som du paa Lag, Namne.»
«Ikkje Born heller?»
«Dei er kje mine lenger.»
«Hm. Skal kje syte for det. So mange Born ein hev,
so mange Pinnar til Kista.»
Han segjer meg si Sorg. Seks Sønir hadde han; alle
for dei fraa han. So vart han huglaus og gav upp.
Garden gjekk i Banken; no sit han der aaleine i Husmann’- ■
140
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>