Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paal høyrer ikkje denne Verdi til; og dei andre er kvar
paa sin Maate burtfarne. Næsteldste Syster vaar ligg i
Jordi; dei tvo yngste helsa for eit Par Aar sidan paa
meg i Vestheimen.
Til Amerika søkjer Ungdomen meir og meir. Som
ventande er. I sitt eigi Land fær han mindre og mindre
Rom; Norig er eit Embættsmanns-Beite og ligg der
livlaust og tiltaklaust.
Men eldste Syster vaar hadde endaa noko i seg av det
gamle Blode. Raade Land og styre Folk vilde ho; so
gifte ho seg med Gardmann og Lensmann Reidar Bø
nord i Fjordane, Storthingsmann sidan, og sit no paa
den gilde Bø-Garden i gode Kaar.
Dit kom eg og vart vel fagna. Syster mi saag paa
meg eit Bil, fyrr ho kjende meg. Daa vart Augo hennar
vaate: «nei er det du, Gunnar!»
«Du var gild som kom,» lagde ho til. «Me tok elles
til aa vente paa deg no; det hev spurst alt hit, at du
var komin.» Og lengi vart me sitjande i Samtale um
gamalt og nytt. Vidt skilde Vegar hadde me fari; finne
einannan att var ikkje med ein Gong gjort.
Eg vart verande paa Bø fleire Dagar. Serina spurde
um eg ikkje kunde slaa meg til der; eg takka, men
sagde som sant var, at næst Heimgarden var Heimbygdi
meg best no. Det saag eg at ho skyna.
Reidar sjølv lika eg godt; det er ein greid Mann. Ein
kann faa Mod naar ein raakar slike; stundom, naar han
lagde ut for meg um den veksande politiske
Bonde-magti, tenkte eg: det kann vera meir Livsvon for dette
Folke enn ein trur so til Kvardags. Av dei Borni som
var heime kom eg serskilt godt til Lags med han E
i-n a r, ein litin tettbygd Femtanaaring, stillfarande og
stød, heiltupp Arbeidskar alt; Namne gjorde vel sitt,
veit eg. «Det er Far vaar han heiter etter,» sagde Mor
hans; «det er elles det gamle Namne, veit du: han Lang-
146
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>