- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
147

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

godfar heitte Einar.» Reidar smilte: «me fær halde oss
til vaare Namn som Jødane til sine,» sagde han. «Og
Einar kann nok bli Jordbrukar,» lagde Mor hans til;
«han likar seg alltid best, naar han fær vera med paa
Eng og Aaker.» Guten svipar sterkt paa Morsfolke
sitt; serleg naar han smilte, kom det fram noko i
And-lite hans som minte meg um han Far; Gong paa Gong
maatte eg minnast den gamle Folketrui at dei avfarne
kjem at i Namnane sine.

Naar Syster mi og eg var aaleine, rødde ho helst um
Hove og Barnedagane; eg skyna at ho syrgjer
Heimegarden meir enn eg, som Erving skulde vori. Um Paal
dømde ho mindre strengt enn eg hadde venta. «Han
Paal, Stakkar,» sagde ho, «han hev visst ikkje so lite av
det som han Far drogst med.» Og siste Dagen spurde
ho meg beint ut: «du tok vel Hove att, um det laga seg
so at du kunde faa det?»

Eg svara mitt. Ikkje arbeidsfør; ingin Erving;
«hadde eg endaa havt ein Son som han Einar her!»
kom eg reint uforvarande til aa segja.

Ho saag aalvorsamt paa meg. Svara so rolegt: «det
maa du nok tru eg hev tenkt paa.» Og fyrr me skildest,
hadde me lova kvarandre, at me skulde tenkje paa dette.
Kven veit um det endaa kunde laga seg so, at Ætti fekk
Ættegarden att? —

— Eg för heim att med so avtala. Men no skynar eg,
at det er Draum og vel aldri vert anna. Per Hove hev
nok av Ervingar. Og for den Ungdomen som no veks
upp er Jordi ikkje det som ho var for dei gamle.

xin.

Haust-Kalden er komin og Regne driv. So sit eg her
innestengd; og Dagane vert lange.

Eg hev ikkje andre Bøkar aa føre lenger, og hev teki

147

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free