Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til og vil føre Bok yvi mitt Liv. Men Sjukdomen
vers-nar, og eg er so uroleg.
Morgon og Kveld spyrr det i meg: «kva ligg du her
etter?
Du er kje meir heime her enn annanstad, segjer det.
Kaldøygd glor Barneheimen paa deg. Kva vil du her?
Den som ein Gong hev rømt, finn aldri heim att. Og
lite hev du her aa minnast, anna enn Faavit og Synd.
Reis og gøym deg av ein Stad, der du aldri hev vori!»
Men eg knurrar og svarar: eg vil ikkje.
Eg kjenner deg no, du Fredløyse som tyt og aldri
tegjer, og som alltid lyg. Eg fylgde deg lengi. Eg flakka
og flutte fraa Stad til Stad. Men all Stad var det like
eins. All Stad vart du leid deg.
Sist lokka du med Barneheimen. Her skulde vera so
godt. No er du alt leid. Men no kjenner eg deg. Eg
læt meg ikkje narre længer.
Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri
stillnar. Lat meg daa lide mi Uro her so godt som der.
So sparar eg Flytjingi.
Eg var ein Framand og ein Pilgrim og hadde ingin
verande Stad. Aldri sette eg meg og sagde: her vil eg
sitja; aldri bygde eg og tenkte: her vil eg bu. Eg var
Son av ei Tid som hev gløymt kva Heim og Ro er. Men
er eg framand, so lat meg likso godt vera framand
heime.
XIV.
Lang feil Tidi.
Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre
arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er trøytt
men ikkje utlivd. Livskravi hev Tak i meg enno. Eg
kjenner deim som Rykk i saar Tonn. Det er vondt aa
vera gamall fyri Tidi.
148
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>