Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg røder med Bestefar der nede, den gamle som sit
og hukrar frammed Omnen og kryp atti Horn. Men han
er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar Gong.
Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae
Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og hans
Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-Augo som ikkje
ser lenger.
Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med ei
Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fossar og syg, og
paa Regne som trafsar og siler. For dette Regne er
vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er som Verdi gav
seg yvi i Graat. Og Himilen er stengd og svart som
Hugen hjaa ein daarleg.
Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det
dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um
Haust paa den magre Heid. Som Halm og Hakk mot
Live det grøne.
Eg vert sitjande og spinn Tankar som Kingelen sin
Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar
eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg
Boki upp. Kann ho kje vekkje Tankar, so hender det
at ho kann svæve deim.
Og eg sender ein Takk til deim som skriv Bøkar.
XV.
Gjev eg hadde ein aa beda til um Nætane.
For Natti er lang og myrk. Og naar eg ligg her
va-kin og vrid meg under framand Manns Tak, er eg rædd;
for eg er aaleine.
Og Sjukdomen brenn og Hjarta skjelv. Og ute er det
stengt, og Vinden bryt, og Havskodda og Regndriv
piskar mot Glasi.
Men paa myrke Loft og under morkne Golv gneg det
10 — Garborg V.
149
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>