Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med Tonn og tassar med Labb; eg høyrer Sukking og
Brest og døyvd Smell, og kann kje skilja klaart millom
Draum og Sanning.
Men naar eg ligg soleis aaleine, og ingin vakjer, og
Vanvit lurer, og Hjarta i Bringa flaksar av Angst som
Fugl i Bur og vil ut, ut, men alt er stengt,
daa sit det nede ved Sengjefoten ein kvit Mann; og
det stend Rædsle av den kvite Mannen.
Eg veit kven det er, at det er min Vén og mi Von.
Men naar han kjem meg so nære, geispar eg og vort stiv;
og Kaldsveiten slær ut og legg seg yvi Hudi som Mygl.
XVI.
Mange leitar etter Gud i denne Tid; og sume skriv og
fortel at dei hev funni Gud. Eg les dette.
Men den eine kann ikkje hjelpe den andre i den Saki.
Og det gjeng for lett for deim. Og dei skriv for godt.
Og skriv. Me trur saa lite paa Ord. Og alt som blæs
paa Lur hev me Uhug til. Bror min hev Rett;
Gjerningar maa tala.
Men ikkje paa Gjerningar heller trur me. Bror min
hev gjort Gjerningar. Men Folk gjeng og berre undrast
paa kva som under kann liggje, og kva han med desse
sine Gjerningar vil naa. Live sitt maatte den gjeva som
me skulde tru; og ikkje daa heller trudde me, so sant
det var Tanke um, at Offere hans kunde koma i Bladi.
Live maatte han gjeva, men so, at ingin visste det; ja
han sjølv maatte kje vita at han gjorde noko framifraa.
I Løynd maatte han bløde, med Skjemt paa Tunge og
Smil um Munn; og sitt Haar maatte han salve, og sitt
Andlit maatte han tvaa, so ingin saag at han blødde,
men alle rengde Augo etter Galningen og sagde: den
som kunde taka Verdi so lett.
150
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>