Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daa vilde me, naar alt ein Dag kom upp, tru at her
var noko høgt i Verdi.
Bror min blés for mykje paa Lur. Difor trur eg han
ikkje.
xvn.
Føre Bok yvi mitt Liv skulde eg, og finne Lærdom og
Lov og Samanheng.
Men um det er Sjukdom eller Alders Visdom: det
meste kjem under Tap. Og Resten under Debet. Og
lite Hugnad hev eg av Rekneskapen min.
Alt ser annarleis ut etterpaa. Det som var mi
Vinning i Verdi synest no Faafengd. Og det som var mi
Trøyst og min Trøyskap, det rengjer seg og er ikkje
Trøyskap.
Det er Trollskap, som grin til meg og gjer Trut. Men
det som eg mindre brydde meg um, ja kasta fraa meg
og sagde: det er Faafengd og Gagnløyse og lite Vit, det
vil heller no synast minneverdt.
Er det Domedag i meg? Maa eg sitja her og døme meg
sjølv? Strenge Domar, gløym ikkje dei orsakande
Um-stende!
Hardt var det aa liva paa Jordi. Dei traakkar og
trampar ned og knear seg fram yvi Lik; og eit
Stein-hjarta maa den hava, og Staalknokar, som skal fri seg
og halde seg ovanpaa. Eg røynde det i vonde Aar. Og
enno hev eg Blodflekkir etter det paa Sjæli.
Eg var hard. I Nedgangsskulen hadde eg vori og
herdt meg. Hjaa Trollmennane var eg, dei som reknar
ut Verdi og fær Jarn til aa fljote og sigler med
sjølvgjord Bør og talar tvers yvi Have; deira Visdom lærde
eg; og eg vart hard. Men det var dyrt; Sæla tok dei
fraa meg for Visdomen sin; og daa eg hadde lært Livs-
151
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>