Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det er sant: kva segjer De um Streiken der inne no?»
«Vil Arbeidaren heller svelte og streike i Byen enn
liva smaatt og strævsamt paa Lande, so lyt han faa det
som han vil. Var det elles noko?»
Bladmannen smilte brydd og reis upp.
«Det nyttar vel ikkje; det var nokre Spursmaal um
det Livssyn De forkynner; for vaart Princip er fri
Diskussion; alle Meiningar fram, so Folk sjølve kann velja.
Men som sagt —.»
«Alle Meiningar, ja. Fri Diskussion. Mot og med.
Største Assortement i Meiningar og Livssyn. Usæle de
Bladfolk, som interesserar Dykk for alt og rører ihop
alt, og gjev oss tri Livssyn for Dagen og tie Lygnir og
tjuge Hende og Uhende, men tek Ettertanken fraa oss!
Gakk heim til din Handel, Far, og din Vertskap, og
skjenk ut dine Sensationsdrammar; men lat aalvorsame
Ting vera i Fred. Farvel!»
Daa Bladmannen var ute, sagde eg: «du var uhøfleg.»
«Aa,» jamra han, «denne stygge Bladlus i Herrens
Vilgard! all Saft og Kraft tærer ho upp. Kven kann lesa
lenger; kven kann halde fast paa sin Aalvors Tanke;
kven hugsar eit sterkt Ord fraa i Gaar til i Dag? Dei
vaskar oss ut. Alt gjeng i eitt, Jugl og Sanning, Moro
og Mord, Kyrkje og Cirkus, Manndom og Tjuvekunstir;
alt er godt som driv Tidi, og alt er gløymt naar Blade
er lagt burt. Og Blade gjeng til sin Stad, og Folke
geispar.»
Han er ikkje lenger ein av deim som læt blaase i Lur
for seg.
XXI.
Bror min driv med Kristindom, og ute i Verdi driv
dei med Revolusjon; det eine er faafengt og det andre
er likso faafengt.
157
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>