Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
att Jordi! segjer Amerikanaren. Lat det faa Rett yvi
Jordi, so ingin kann taka ho fraa det att! Daa vil Folke
klara seg, og Pengemannen og Samfundet med. Og
Revolusjon tarvst det ikkje. Folke vil faa att Jordi, naar
det vert lagt ein so vidt stor Skatt paa ho at det ikkje
løner seg aa sitja med meir Jord enn ein kann brüke;
den som hev for mykje vil daa selja, so alle etterkvart
kann faa det dei treng.
Det er godt ut-tenkt. Og vil hjelpe. Til dess Gud
Money hev funni seg nye Utvegar.
Rettferd er ein Smaafolk-Tanke. I Verdi riv kvar til
seg det kvar kann faa i; og den som inkje fær i, han
svelt; det er som i Dyreskogen.
Berre ei Rettferds-Lov finst det paa Jordi: den at
alle maa døy. Og me fær trøyste oss med, at um ein
døyr av for mykje eller for lite Mat, so vert det
noko-so-nær det same.
xxn.
«Hjelpe dei fatige er aa ala upp Dagdrivarar,»
segjer eg.
«Nei,» svarar han; «ikkje naar eg hjelper deim med
Arbeid.
Dagdrivarar avlar Dagdrivarar; og Fanten élst i
Rikdom som Makk i eit Aat. So lengi ser dei smaae paa
dei store til dei tenkjer: me vil liva godt med lite Stræv,
me og; men den som arbeider, lærer andre aa arbeide.»
«Med Arbeide ditt rekk du knapt meir enn aa hjelpe
deg sjølv,» meiner eg. Han smiler.
«Du veit kje kor lite ein treng. Ingin veit det no,
etter dei tok til aa liva for Pengar. Men det er
Daar-skapen som kostar, meir enn Maten.»
Eg talar um Samfunde. Sjølve Samfunde krev at
159
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>