Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kvar tenkjer paa seg, og paa Alderdom og Etterkjømd.
Han svarar:
«Den Allemanns Krig mot alle som du kallar Samfund
kjem meg so lite ved. Eg gjev Keisaren det som hans
er; og gjeld det aa ofre, um so Liv og Blad, er Jesu
Svein Fyrstemann; men det rette Samfund vil byggjast
paa Samstræv og Fred, og ikkje paa Ufred. Og den som
vil bøte Samfunde byrjar med seg sjølv.»
Og han fortél meg, at den rette Maaten aa syte for
sin Alderdom paa, det er aa hjelpe andre. For kjem daa
den Dagen at ein sjølv treng, so læt ein dei andre faa
hjelpe seg; «og det er den einaste Gleda ein daa kann
gjera sine Medmenneskje.»
Eg maa læ. «Du høyrer kje heime i denne Tid,»
segjer eg.
«Nei Gudskjelov,» svarar Bror min.
xxm.
At Live er Sol-Kraft, Sol-Eld, skynar eg um Natti.
Naar Soli er burte, sloknar me.
Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Hélsynir
synir og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara
som rid. Og Hél-Skodde legg seg um halvsløkkte Augo.
Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræane.
Vonde Minne sit inne i Skuggen, halvløynde, med grøne
Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre som
Vite med Ørska.
–Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg livde etter
Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta det
andre.
Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at
dei skal nære kvarandre og løyse seg upp i kvarandre;
og er ikkje Live til for at det skal vera denne breide
160
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>