Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av
skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av alltid
det same som er Æveheimen?
For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét
det andre og sidan vert upp-eti sjølv. Kvar gjøder seg
til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med’ eg
kunde, og vart so sjølv etin; og naar Tidi kjem, læt eg
meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til Slutt
er det vaare Undermennar som ét oss.
Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so
vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb og melta og
sund-skild og uppsögin paa nytt i Livsens Blodstraum;
kvi skjelv eg daa?
Den Blodstraumen er det ævuge Liv.
XXIV.
Eg sagde med meg sjølv: dette Live hev dei nøydt
paa deg; du skylder ingin noko for det; gjer deg den
Hugnaden av det du kann, og lat det so fara.
No, daa eg hev gjort meg min Hugnad av det, kann
eg ikkje lata det fara.
Det er utsliti og inkje tess. Det er ei Møde og ei
Tyngd, og eg orkar knapt bera det. Men daa eg ei vond
Natt tok fram mine sterke Dropar, dei eg hadde gøymt
som ei Berging og ein Utveg fraa mi verste Tid, daa
kunde eg ikkje med all mi Magt faa meg til aa taka
deim. Eg var ikkje rædd Dauden. Eg kunde berre ikkje
sleppe Live. Dette utslitne Live, eg held paa det som
ein Skatt. Eg klengjer meg til det som Barn til Mor.
Mot min eigin Vilje. Kven skynar sovori.
Dei nøydde Live paa meg; var det for mi Skuld? Var
det ei Gaave eg fekk ? Ei Gaave so gjæv, at endaa naar
161
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>