- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
171

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og kva kunde det nytte meg daa.
Um eg naadde fram til deg,
du vilde sjaa kvasst paa meg
og segja: høyr min gode Mann,
kor vaagar du deg hit
og er ikkje høgtidsklædd.
Og eg torde visst ikkje svara.

Ein Gud?

Kva skal me med Gud?
Fordøme oss
kann me sjølve.
Men ein Menneskjeson,
som kjende oss,
og visste alt,

og hadde det lækjande Ord,
og Hjelp

der dei andre berre hev Domar

og kalde Augo;

ein Menneskjeson–

Aa, at du ikkje lenger er paa Jordi.

XXXH.

Gamlingen nede gjeng og tuslar og skal døy. Og
Bror min kjem stundom og les for han,

So lyder han gjerne innum meg. Hev han daa ei
Stund, so set han seg ned og røder med meg om laust
og fast. Og eg høyrer etter og fylgjer med, um eg skulde
kunna finne noko gali hjaa han.

Men eg finn ikkje noko.

Vondt er der ikkje i han, so langt som mi Sokn naar.

171

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free