- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
172

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og rekne kann han ikkje. Han er lite sløg. Eg trur kje
paa lange Utrekningar under hans rare Paafund.

Og inkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend ingin
Kaldhjelm av han, og ingin Utokke. Han hev eit godt
Fylgje med seg; eg vert rolegare naar han kjem. Og
eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje Ov-Ekse
eller Mislynde. Heller noko avdøyvt og stilt, som etter
Sorg og tung Røynsle. Og han hev røynt mykje. Og
misst mykje.

Men seint vert eg trygg. For der er mange Merke
paa Vitløyse, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So at
knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggje
lam berre med aa segja høgt: han er galin.

Eg sagde til Bror min: «no skal du segja meg den
rette Grunnen til at du gav burt Eigedomen din.»

Han smilte og svara: «Du trur meg ikkje. Men eg
maatte. Verdi hadde Tak i meg. Eg fekk Magt. Det
sanka seg Mengd um meg; og Vénine mine raadde snart
Bygdi. Og eg kjende at eg lika dette. Daa vakna eg
og saag meg ikring. Og eg saag at det spøkte for meg.
Eg reiv meg daa laus. Men eg var fjamsin og
upp-skræmd og fann kje den rette Maaten.»

«Vedgjeng du det, Paal?»

«Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre gjer;
men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi alle
Byg-dir; eg vart til ei Bisn; og det eg hadde gjort vart
rangtydt og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev gjort
vondt.»

«Segjer du det.»

«Pengar gjer alltid vondt. Gaava og Gjevaren maa
ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det
same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei Kasse;
og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett og knurra
for dei ikkje fekk meir; men dei som Inkje fekk, hata

172

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free