- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
173

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og harma seg. Og ikkje Kjærleike men Ovund grodde
etter Gaava.»

Han var vortin aalvorsam. Men so smilte han.
«Alltid paa nytt maa ein lære og lære. Av kvart Mistak
veks det Visdom; og av Syndine sine maa ein byggje
seg Troppestig; for det er høgt upp.»

«Men,» sagde eg; «er det kje du som lærer at me skal
vera fullkomne?»

Han smilte. «Viljen vaar maa vera heil.»

Eg tenkte med meg; ein slepp nok ikkje fraa han
med aa kalle han galin.

xxxm.

Eg spyrr um de er sant at han kann lækje Sjukdomar.
Nei, segjer han.

Eg held fram.

«Dei fortel at du fer med aa beda for sjuke og leggje
Hendane paa deim. Eg vil segja deg beint ut: eg likar
ikkje sovori.»

«Det lindrar stundom. Og ein skal freista alt som
kann vert til Hjelp. For det er Kristindom, at me
hjelper kvarandre.»

Eg tagnar. Han tek frami att:

«Mange er Vesalldomane vaare; dei fleste av deim er
Hugsott. Det er Sjæli som er sjuk. Og hev ikkje den
si Kraft, vinn alt vondt innpaa oss. Daa styrkjer Bøni.
um der er Tru; Sjæli samlar seg og fær ny Kraft ti’
Motstand.»

«Hev du ein Gud som høyrer Bønir, so vis meg han,»
sagde eg.

Han lo. «Ja Teikn vil me hava.»

«Svara meg no. Alt det dé bed um skal dé faa, stend
det.»

173

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free