- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«I mitt Namn, stend det. Det er: naar me bed som
han bed. Men det var hans Bøn: verte din Vilje.»

Stundom trur me aa sjaa Undere. Men beda, det er
kje aa gjera Trolldom i Guds Namn; gjenom Bøni vil
me lyfte oss upp til aa vilja Guds Vilje. Og vinn me
dette høgste, so fær me alt det me vil. Og det er
Livsens Forløysning, at min Vilje vert eitt med Allviljen.

Men mykje er der i den gamle Sjælesyrgjarvisdom
som der er Meining i. Bøn, Arbeid, Faste er tri gode
gamle Vaapn; mange vonde Aandir er drivne ut med
deim. Sjukdom og Synd heng so ihop, at Sælebot vert
Helsebot ofte. Ungdomar spyrr meg stundom um Raad
mot den ureine Lyst. Faste, svarar eg; Arbeid, og naar
det ikkje er nok, Faste. Eg hev set støde Karar vekse
etter det.

Ofte trengst det berre eit sterkt Ord av ein frisk
Mann, so gjev Hugsykja seg, og Kruslingen kviknar.
Dette røynde eg tidt. For der er mykje Hugsykje og
Hugløyse millom Folke. Og den gamle Lækjekunsten er
god for deim som fyrst og fremst treng Lækjedom paa
Viljen.»

XXXIV.

«Sjæli.» Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje
at eit Menneskje er ein Samvokstr, ei Uppdyngjing av
Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl? Vaar
Sjæl er berre Samspéle av desse Cellesjælir.

Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord. Me
kann segja um Sjæli kva me vil; ho liver sitt same Liv
der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje.

Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og brenn
og skjelv og skyt Gneistar og segjer «eg» ende inn i
Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho.

Aa du mi arme Sjæl, som veid meg all denne Verk og

174

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free