Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som ein
sjuk Fugl og kjæle for deg og trøyste deg. For eg
kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du treng Trøyst,
og at du elles ingi fær. Gjev eg kunde leike deg i Logn
og kjæle deg trygg, du arme skræmde Fugl!
Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er ruskin
og ribba. Du flaug for mykje. Du kunde ikkje sitja i
Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp og
ut og leite og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava; og du
søkte vidt og for høgt og laagt. Men altid stengde Skyer
og Fjell; og Haukar og hakkande Kløar var etter deg.
Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med deg;
eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der brotin og arm,
og hev misst Vengfjørine. Men kvil deg no. Den Soli
du drøymde um dreg deg vel til seg ein Gong; um ikkje
fyrr, so i dine siste Draumar.
XXXV.
Bror min segjer til meg: «du synest ikkje vera nøgd
med Live ditt.»
Eg svarar: «Mykje hev eg kje att for det.»
«Var det noko du hadde tenkt aa vinne?»
«Eg vilde vinne Rikdom.»
«Kva vilde du med Rikdom?»
«Rikdom er Magt.»
«Kva vilde du med Magt?»
«Magti raar.»
«Kvi vilde du raa?»
«Daa fyrst er ein fri og kann njote Live.»
Han lo: «Njote Live er aa øyde det upp. Det hev
du gjort, Bror min. Kvi syter du daa? Noko meir
Moro, noko mindre Moro, det vert det same til Slutt.
Facit er Null i alle Tilfelle.»
175
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>