Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dauden. Men dei som finn det, kjenner det. Og dei
segjer: for den Sæla Skuld som me her fann, var Verdi
ikkje for mykje paakosta.
Men mange naar korkje Himil eller Hel. For desse er
Jordi ein Huldreheim. Der liver dei paa Mysar og Frosk
og vert feite, og sankar Smaastein og Myk og trur det
er Gull. Og dei bind seg Kransar av visna Lauv og skjer
seg Stavar av morkin Ved, og klunkar paa
Tarmstren-gir og dansar og syng: stor er vaar Magt; me raar
Jordi.
Sæle er desse Huldrefolk. Dei er fornøgde med
Haugen sin og det som der er; og dei ét og drikk og elskar
og spélar seg, og lær aat oss som tek Live tungt og vil
inn i Himilen eller Helvite.»
«Visdom talar du, min Bror Sant Paal,» segjer eg;
«men du gløymer det andre Live.»
«Alt som er sagt om det andre Live er myrk Tale og
Bilæte som me ikkje kann gjera oss nokon Tanke um.
Men Voni hev me, alle som gjer det gode.»
«Men dei som gjer det vonde?»
«Dei døyr den andre Dauden og skal som Ugras og
Avfall bli utkasta og uppbrende.»
«I den ævelege Elden.»
«Elden er æveleg, men knapt Avfalle.»
Han tagnar. Um eit Bil segjer han:
«Men vil nokon gjera det gode for eit anna Liv Skuld,
han daarar seg. Tenar me for Løn, so fær me ingi Løn;
for Domaren vaar, han som sit her inne og ikkje lét seg
lure paa Lengdi, han veit, at hadde det kje vori for
Løni, eller Straffi, so hadde ein slik Tenar heller gjort
det vonde.
Berre ei Løn hev me trygg: Livsmeining, Livsglede,
Sjælefred.» Han smiler og ser paa meg: «du tykjer det
er lite?»
12 — Garborg V.
181
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>