Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Mange fær du ikkje med deg,» segjer eg.
«Ingin,» svarar han, «utan dei som arbeider og er
mødde, og som illtrivst i Verdi og hev det vondt. Men
andre er det ikkje som treng Meistaren heller.»
XL.
Farvel, Tarald, du gamle Krok. Framfødd er du no,
og heime for ollo.
Roleg og rein som eit Barn ligg han der under
Lik-blæja. Lite nauvar det no um han sleit vondt i niti Aar.
Og eg misunner han, at han hev klara den siste Kneiken.
Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong i
Natt, og ingin visste um det. Han hev sjølv ikkje visst
um det.
Eg slepp ikkje so lett. For den som ikkje hev livt so,
fær heller ikkje døy so. Men det maa koma som det
kann. Eg veit at eg stend det yvi.
Kven vil daa klaga? — alt jamnar seg og vert stillt.
«En liden Stund det varer ved, saa haver min Elende en
god Ende,» syng dei her. Vonde var dei med Menneskja,
dei som dikta den tunge Draumen um eit anna Liv; og
hata gjer eg hin Skalden som vakte i Verdi denne sjuke
Tvil: men hev den Svevnen Draumar?
Eg hev ikkje havt det godt i Verdi, og godt fær eg
det ikkje. Men var der eit anna Liv, so fekk eg det
verre der. For der varer det æveleg. Og alltid det same;
alltid godt, eller alltid vondt. Di er det mi Von og Tru,
at um alt anna i Verdi lyg, so er daa Dauden det han
gjev seg ut for.
Sæl helsar eg deg, gamle Felage som hev stridt ut;
og snart kjem eg etter.
182
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>