Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XLI.
Brev fraa Syster Bø: Einar hev godt Mod paa Hove.
Og Far hans vil gjerne hjelpe til, um dette kunde laga
seg.
Eg hadde mest gløymt denne Tanken. Men Breve hev
kveikt meg upp. Höve-Ætti kann vel enno slaa Rot att.
Han som sit paa Garden vaar no eldest. Og Borni
hans tenkjer nok minst paa aa bli Bøndar i Aase-Sokni.
Den Dagen vil daa koma, daa Hove vert falt.
Eg helselause Mann tek til aa drøyme. Med Paal til
Gardstyrar og Einar til Erving, — eg sette meg inn for
Garden med ein Gong. Daa hadde eg baade sjølv naatt
heim og berga Hove for Ætti.
Kann dette laga seg, so vil eg segja at ikkje eg heller
hev vori til for inginting.
4f
Etter ei vond Natt vart eg uroleg; det galdt aa
tryggje seg for alle Tilfelle.
Eg stod upp og leigde meg Hest; køyrde so til
Lensmannen. Tala med honom og fekk han til aa setja upp
Testamente mitt. Liver eg ikkje sjølv den Dagen daa
Heimgarden vert fal, so skal det som etter meg vert
gaa til den av Ætti som sét seg inn for Hove.
Det som Syster mi og eg hev tala um fortalde eg
Lensmannen; eg veit han er aa lite paa. God Vén av
Paal er han i Grunnen au, um dei ikkje i alt kann
samstavast. Og han lika det eg fortalde, og lova aa vera
til Hjelp so langt som han kunde.
No er eg daa trygg. Um eg kann bli Mann paa Hove
er paa Voni; veik er eg og veikare vert eg. Men eg
hev gjort so mykje no, at med den Hjelpi attaat som er
ventande fraa Bø kann alt laga seg, — um det daa skal
laga seg.
183
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>