Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
noko aa tru paa. Noko godt; noko sant; noko som ikkje
er Reklame. Det gode fær han meg til aa tru paa. Ikkje
med Ord, men med seg sjølv. Og Trui paa det gode
frelser. «Trur du paa det gode, so trur du paa Gud,»
segjer Sant Paal.
For er her noko som er godt, noko som gjev seg sjølv
og ikkje søkjer Løn, so er me ovanum Naturi. Her er
eit nytt Rike. Ei høgare Lov. Og daa er ikkje Verdi
det tome gamle Huse lenger, der Ølur og Ormar slæst
og Rotte og Røys-Katt strugglar for Live.
Bror min maa koma att. Di meir eg veiknar, di meir
treng eg han.
XLIH.
Han saag inn-um i Gaarkveld.
Det var Sundag, og for meg heilt Kviledag; eg var
skral og heldt Sengi. Eg lét han forstaa at eg var glad
for han kom; «det er ikkje berre godt,» lét eg um, «aa
vera so aaleine som eg no er vortin.» Han saag paa
meg: «bryr du deg um mitt Lag, so skal eg sjaa inn-um
so ofte eg kann.» «Det skal visst ikkje vera meg imot,»
svara eg; «Takk skal du hava, um du so gjer.»
Me rødde um Helsa mi; han spurde um det ikkje var
betre med meg i det heile no enn det hev vori. Eg
sagde mi Meining um det, og fortalde at eg hadde vori
hjaa Lensmannen. «Best at alt er greidt, kor lite det
er,» meinte eg; «so er ein trygg, koss det so vil gange.»
Sidan nemnde eg Breve fraa Syster Bø og gav han ei
Vitring um dei Tankane ho gjeng med. «Det er ikkje
høgt med Hövefolke paa Sverdsida no,» sagde eg; «men
paa Rokkesida veks det til att; eg undrast paa kva du
vilde segja, um det ein Gong kom ein ny Einar paa
Hove.
185
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>