- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
186

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paal smilte. «Du maa tru eg hev nok drøymt um
det,» sagde han. «Den Ungdomen som no veks upp er
nok heller for lite enn for mykje glad i Jordi, so me skal
ikkje vente meir enn me ser; men det kann eg segja,
at kom Einar Bø til Hove, so skulde eg meir enn gjerne
vera Dreng hjaa han.»

Me rødde lengi um dette. Og kom godt til Lags; heim
lengtar me nok baae. Eg slutta med, at um dette kunde
laga seg, so vart der endaa som ei Meining i dette
fortumla Live mitt. «Det er som stundom naar ein sit og
les: ein finn ikkje Meining i Setningen fyrr ein kjem til
ut-imot Punktum. Men vert der Meining daa, so fær ein
endaa vera nøgd.» «Der kann vera noko i det,» sagde
Paal og smilte.

Me skildest «paa snart Attersyn»; og eg hev sovi
ro-legt i Natt.

XLIV.

Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt Tre;
det hev alt Knuppar og sprett snart.

«Dette,» segjer han, «hev eg tigga meg til; og du
skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast.
Men du skal sjaa vel paa det.

Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein
Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske.

Ser du ? I den vesle Potta er der ein Neve svart Jord.
Av den Neven svart Jord lagar denne Vokstren det du
her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist; so Blad og Knupp;
so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar serskild
Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomførd. Alt
ihop og kvar serskild Ting i Formir so fine, at ingin
Kunstnar kunde finne paa slikt, og med Litir so utsøkte,
at vaare største Maalarar med all sin Teknik og alle
sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær

186

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free