Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
slik ein Vokstr fram av ein Neve svart Mold. Or den
Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Formir
og Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen
hadde Røtane sine i Æveheimen, inne i Guds
Skapar-draum; soleis vell det og støymer med Liv og Venleik.
Og dette er ikkje noko som hev hotta til og hendt ein
Gong i Verdi av eit Horve Høve. Og ikkje berre denne
Vokstren hev slumpa til aa faa slik ei Løyndoms Kraft.
Kvart Aar hender det; og Millionar Vokstrar kann
Kunsten. Og kvar hev sin Maate; kvar hev sine Litir
og Lag, alle gjenomtenkte med den finaste Kunst, og
alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og so strengt,
liksom kvar Vokstr hadde Teikningar aa gaa etter. Men
endaa aldri tvo likt.
Ja s jaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns
Djup av Gaate som opnar seg berre i slik ein litin Blom.
Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde ha noko
aa segja deg!»
XLV.
«Som Soli stend og Jordi gjeng, tvert imot det me
ser, so er i høge og høgste Livsringar Sanningi motsett
det som synest.
Eit Barn trur at det naar Himilen fraa næraste Leite.
Den gamle veit at han maa gjenom Gravi fyrst.
Vil du vinne Ros og legg deg ut etter Ros, vert du til
Narr; men gjer du godt Verk og ikkje tenkjer paa Ros,
so veit du kje av fyrr Namne ditt gjeng med Lov
gjenom alle Grendar.
Den som vil vinne eit Kvende segjer ikkje til henne:
du skal elske meg; han segjer: eg elskar deg. Og han
legg seg ut um aa vise henne sin Kjærleik.
Slaa Pengar eller stela Pengar synest den beinaste
Vegen til Rikdom, men er Vegen til aa misse alt.
187
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>