- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
188

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kvi Folk er so uglade? Dei gjeng og ventar si Glede
fraa andre. Dei skulde gleda andre; so vart dei
glade.

Me trur paa det som synest og løyp Narr. Me vil upp
i Himilen fraa næraste Leite og vil gaa Snarvegar til
Livsens gode Ting. Men den som gjev, vinn, og den
som tek, misser.

Tene skal den som vil vera stor; men i Verdi vil alle
vera Herrar og vert Trælar. Og i denne Tidi vilde alle
vera like og frie, og vart alle like ufrie.

Og Lukka og alle gode Ting vart sette upp til eit Rov
for dei sterkaste; difor gjekk denne Tidi upp i Blod og
skal gaa ned i Eld. For Lukka er ikkje eit Rov for dei
sterkaste; ho er ei Løn for dei trugnaste.»

XLVI.

Han segjer at dei som ingin Gud hev skal halde seg
til Verdi. Eg spyrr kva dei skal gjera, som ingin Gud
hev og som er ferduge med Verdi.

Han lær. «Dei fær samle Frimerke. Men,» legg han
til, «ferdug med Verdi er ingin.»

Eg meiner at so gamall kann ein bli. Han svarar: «er
du ferdug med Verdi, so er du ikkje gamall.

For ikkje Ungdomen elskar Verdi; den elskar sin
Draum; og ikkje Manndomen elskar Verdi; den elskar
sin Strid; Alderdomen elskar Verdi.

Verdi som ho er, utan Umdikting eller Draum; Gull
og Magt, Høgd og Glans, Mat og Vin, Kvende og godt
Mak, — det verdslege i Verdi elskar Alderdomen.

Men elskar det med Håt og Hjartans Brand; for han
veit at han er uppsagd. Og han veit, at um Verdi enno
smiler til han, so gjer ho det for Løn; og naar han tek
henne med Magt ligg ho kald i hans Arm; og ho lær

188

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0192.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free