- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
189

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aat hans Elskhug. Daa hatar han henne. Men ho lær
att hans Håt; og han er bundin i sin Elsk og sin
Aabry-skap.

Sæl den som slær upp med Verdi i god Tid! Drygjer
du til dess ho slær upp med deg, so drygjer du for lengi.

Og naar du kjenner at det vonde Håte vaknar i deg,
det Håte som er umetta Elsk, daa skal du spyrja um
Raad; for daa spøkjer det for deg.

For med dette Håte skal me kje hata Verdi. Me skal
ikkje hata Verdi.

Verdi er god. Um ikkje til aa byggje paa.

Blom i Eng er venare enn Salomon med alle hans
De-mantar; og du hev Hugnad av Blomen, naar du brukar
han som ein Blom. Men segjer du: det er ein Demant,
og legg han i Ringskrine ditt og gøymer paa han og
trøyster deg til han som til ein Skatt, so er han visna
naar du tek han fram, og du segjer med deg sjølv: alt
er Faafengd.

Men Verdi er ikkje Faafengd, for di um du er eit
Narr. Og fri av Verdi er ikkje den som er ferdug med
ho.»

«Men eg er ferdug med Verdi.»

«Prøv aa gjera deg fri av ho, so fær du kjenne kor
ferdug du er.»

«Kva skal eg gjera meg fri av?»

«Hev du kje so mykje som eit Håt?»

Eg tagnar.

xLvn.

«Du talar um Gud som han var din næraste Granne.
Hev du aldri vori i Tvil? Hev du aldri tenkt?»

«Eg hev undrast og spurt,» segjer han. «Men der er
gjerne noko i meg som svarar.»

189

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free