- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
190

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Sæl er du. Men eit Spursmaal vil eg gjeva deg som
det knapt er Svar paa: korleis kann du tru paa ein Gud
som ikkje er rettferdig ?»

«Han hev vori rettferdig mot meg. Hev du noko aa
klaga ?»

«Sjaa deg ikring. Sjaa paa Folk. Süme er fødde gode.
Andre vert slengde inn i Verdi med so mykje vond Hüg,
og veks upp i so mykje vond Luft at dei ikkje kann bli
gode. Eg veit sjølv noko um det. Og sjaa paa Verdi
og koss det der gjeng. Dei gode lid vondt; dei vonde
vert feite; Retten maa tegja; Magti raar. Og der er
berre ei Lov: at den sterke ét den veike. Og endaa
trur du paa ein Styrar, ja ein Får!»

«Her er me innpaa dulde Ting.»

«Eg bryr meg kje um dine dulde Ting. Eg er ikkje
synsk, og maa halde meg til det som eg ser med mine
Augo.»

«Det er sant at ein maa vera synsk. I Verdi raar
Naturlovi. Den rettferdige gjeng under med den
urettferdige, og Soli gjeng upp yvi vonde og gode.

Men Meistaren lærde oss aa byggje eit nytt Rike.
Ovanum Verdi, ovanum Naturi, ovanum det høgste Dyr,
lnn-i oss sjølve byggjest det Rike der Rettferd bur. Der
fær det vonde sin Dom og det gode si Løn; og der finn
me Faderen.»

Eg tagna og tenkte.

Han stod fram-ved Glase og saag paa Blomen, som
sprett so vent. «Seg meg,» spurde han, «hev Blomen
sagt deg noko ?»

«Verdi hev Sjæl, segjer Blomen til meg.»

«Det er det han segjer til meg au. Det er eit stort
Ord!»

190

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free