Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XLVIII.
«Einvaldsherre var den gamle Gud, med strenge
Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad og
Ære. Og fekk han ikkje sin Rett vart han harm; og
med Blod laut dei blidke den hemnfuse.
Men Meistaren lærde oss ein Gud som krev Lydnad
for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For vaar
Skuld. Men vender me oss burt fra Synd og
Sjølv-øyding, so vert han glad og gløymer alt. Og det spyrst
ikkje etter Blot og Soningsblod; sjølv slagtar han
Gjød-kalven; Høgtid held han for Syndaren som snudde.
Med denne Læra løyste Meistaren Verdi ut or ei lang
Blodrædsle. Men Verdi lét seg ikkje løyse. Den glade
Helsing at Gud var Faderen, vart gjort til eit Krav.
Trur du kje at Gud er Faderen, so kastar han deg paa
Elden! Og aldri hev det vori meir Rædsle millom oss og
Gud enn det no er.
Du segjer du finn ikkje Faderen. Det trur eg vel.
Den gamle Blötguden er i deg. Inst inne i din eigin
Hjarte-Angest sit han, sveipt i den som i ei svart Sky.
Men tok du Mod til deg og sagde til Skyi: eg for villt;
men no vil eg gjera ditt Verk; lat meg vera som ein av
Arbeidsfolki dine, — so fekk du sjaa. Kann hende var
det Faderen!»
«Eg er ikkje høgtidsklædd,» svara eg.
«Ja den nye Hugen maa til,» svara han, «den heile og
den reine.»
XLIX.
Eg spyrr han um han finn Samanheng i Skriftine.
Han svarar:
«Ikkje ein Filosofi lærde Meistaren oss, men ein Livs-
191
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>