Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunst. Han kom ikkje med Nytt til dei forvitne, men
med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje ei Sekt,
men viste oss ein Veg. Den Vegen er greid naar ein
vil finne Veg; men vil du finne ei Lærebygning maa du
laga ho sjølv, liksom Teologane.
Lat Munkane slaast um Gjerningar og Tru! Me held
oss til Meistaren og gjer som han gjorde. Lat
Drøymarar tviste um Himil og Hel! Me byggjer Guds Rike av
Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so langt me
rekk med fredsame Ord og hjelpande Hendar.
Lat Svarmarar og Leigesveinar preike Serlag og
Av-stengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Håt og
Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike.
Men dei ovundsame, dei som elskar Verdi og friar og
fær nei, lat deim preike Håt til Verdi! Løyste og lyfte
yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal me
stande, og soleis frigjorde fraa Verdi elske Verdi, som
ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vel med, og eit
Yrkje til aa byggje av, byggje oss Fredheimar og
Høg-heimar. Og sjølve Live vaart skal me leggje i den
høgste Hand, at me ikkje lenger skal vera bundne av
Rædsle for Dauden.
Men Krafti vaar hev me i Gud, som er det innste i
oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev
vaart Helvite kveikt for det ureine i oss, og Faderen,
som held Høgtid og Helg, so snart me vinn oss upp paa
vaare Heime Høgdir.»
L.
«Alltid masar du med, at du ikkje kann tru. Kven er
det som bed deg um aa tru? Kor lengi skal eg segja
deg, at Meistaren kom kje med ei Lære som du skal tru,
192
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>