Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
men med ei Lov som du skal fylgje? Og fylgjer du
den, fær du sjaa um ho er av Gud, og fær Trui attpaa.»
«Skal eg elske Gud, so maa eg tru paa Gud,»
meiner eg.
«Elske Gud er aa halde hans Lov. Elskar du Bror
din som du ser, so elskar du ög Gud, som du ikkje ser.
Og etter kvart vert du synsk og ser Gud. Men elske
Næsten er aa hjelpe Næsten. Og min Næste er den som
treng mi Hjelp. Gamle Foreldre, sjuke Systken; han
som ligg for mi Dør; han som eg finn hjelpelaus paa
min Veg.»
Han lo. «Seinast skynar me det lettaste; sist finn me
det næraste. Og fyrr me vil elske vaar Næste, fyrr vil
me elske deim me aldri saag. Dei kristne elskar
Hottentottane, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar
Framtidi; men Lasarus ligg der han ligg. Det er kje
noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si
Naud; me kjenner Lasarus. Men nettupp det som ligg
oss næst, og som det er minst Stas med, gjeld
det um.»
Eg segjer: «dette er ein Kristindom for unge og
sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann som
skal døy?»
«Umvend deg, og du skal liva.»
«Kva godt kann eg gjera?»
«Du kann tilgjeva.»
Eg tenkte: kven bryr seg um mi Tilgjeving. Men eg
rette ut Handi og sagde: «deg tilgjev eg, Bror.»
Han tok Handi fast og varmt. «Takk, Bror,» sagde
han; «du veit kje kor godt du gjorde imot meg no.» Eg
saag, at han vart vaat i Augo.
Og sæle er me baae tvo, at me hev vorti forlikte.
193
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>