Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
XLI.
Eg kann ikkje døme um hans Tru; men eg kjenner
Magti av hans Gjerningar.
Og Von er der i den Tanken, at ein skal liva rett, og
gjenom Liv finne Ljose. Daa er det ikkje lenger stengt.
Fyrr skulde eg visst dette.
No er det for seint. Der er ikkje Magt i meg lenger.
Med Hélsott i Bringa byrjar ingin eit nytt Liv.
Eg vert veikare. Berre sume Dagar er eg uppe, og
berre ei liti Stund. Sist var eg uppe for lengi, og daana
burt der eg sat; etter det laag eg sengfast i mange
Dagar.
Men Verken er linnare. Og Toktine kjem sjeldnare.
Og Hugen er meir roleg. Eg er vel for trøytt. Men
stundom tenkjer eg det er Sant Paal som driv det vonde
burt, med sine sterke Ord og med Varmen av sitt gode
Hjarta.
Lengi trudde eg det ikkje, men endaa er det sant: at
Menneskje kann hjelpe Menneskje. Og ofte tenkjer eg
med meg sjølv: han hev Lækjekraft, um han ikkje veit
det.
Kannhende dette er ei Vending i Sjukdomen min?
Klarar eg Vaarknipa, so klarar eg Sumaren; og vert
den god, klarar eg meir. Gjerne tok eg no nokre Aar til,
daa eg hev funni eit Menneskje som eg trur paa.
LII.
Hugverken er ikkje burte. Inst inne kjasar hann sitt
gamle Kjav; Bringa er tyngd og saar, og eg maa agte
meg, at ikkje Angesten skal vakne.
Det er det at eg ikkje fær tala ut. Ofte vilde eg
skrifte for Bror min. Men eg kunde ikkje. Det er sumt
194
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>