- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
216

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

siste Tidir. Han saag at det bar ned-yvi med han, og
sat daa hjaa han det meste han kunde; «han hev ikkje
andre enn meg no,» sagde Paal. Han var i det heile
komin godt til Lags med Bror sin, trass i alt som stod
imillom.

Det var stilna av med Bygdedrøse um han Gunnar
au no. Mannen var klen og hadde ikkje langt att, so
Folk lét han vera. Den Rikdomen det hadde gjengi Ord
um ei Stund, den skulde det heller ikkje vera stort med;
og kven bryr seg um ein Mann som skal døy, naar det
ikkje er noko etter han?

So kom dette braae Fraafalle. Og Likferdi og ymist
anna.

Likferdi var rett stor; Ætt og Ættekjenningar fylgde.
Millom Kjenningane vart det lagt Merke til gamle Per
Aase, eller Per Hove no, han som sit med den Garden
Gunnar var Odelsmann til; han eldest og tenkjer vel
paa Fred no, Per.

Av Ætti var det Systeri, Serina Hove — Dotter hans
Enok, Enkja etter Lensmann og Storthingsmann Bø
nord i Fjordane —, som Folk gaadde mest etter; det er
lengi sidan ho var paa desse Kantar no. Staut Kone er
det; og visst ikkje lite stor paa det, segjer Folk; men
for henne og Paal hev vel denne Likferdi vori som ei
Utsoningshøgtid.

Ho hev havt imot Bror sin alt fraa den Tid han selde
Hove; og kven kann undrast paa det. Heimetufti er
kjær for alle; og at Jordi fekk «for mykje Magt» med
han Paal, det hev ikkje ho kunna skyna meir enn andre;
det plar kje vera Jordi som no for Tidi hugbind Folk.

Tankar hev ho vel gjort seg av ymist Slag, som no
mange gjorde. Men Folkedrøse um Paal og Evelinde
tagna snart; og sidan var det ingin som kunde finne
paa noko større. Og at Paal er ein Mann som ikkje fér

216

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free