- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
217

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med Fjas, det hev ho meir og meir skyna. So hev ho
tenkt, at det nytta ikkje aa harme seg yvi dette lenger;
og ved Gravi, der all Ufred stilnar, hev daa denne
Knuten au vorti løyst.

Etter Likferdi var ho innum i Kvernhusheidi, der ho
visst aldri fyrr hev sett sin Fot; og dei tvo Sønine ho
hadde med seg fylgde henne. Det som er att av det
gamle Hövefolke hev daa endeleg funnist no. Paal er
reint glad for dette, som rimelegt kann vera.

Dei tvo Sønine vart au aatgaadde, baade den eldste,
han Baard (som no gjeng paa Jordbruksskulen), og
ikkje minst den andre, han Einar. Det er etter Enok
Hove, Morfar sin, denne er uppkalla; og at dette hev
kveikt Tankar og Drøs um at Guten tenkjer paa
«Morfarsgarden sin», kann ein skyna. Serskilt vel fagna vart
han i Kvernhusheidi au, skal «Maren Doktar» ha
fortalt; det med skulde vera noko aa gjera seg Tankar av.
Men Paal berre smiler naar slikt vert nemnt; det er daa
visst Inkje aa høyre etter.

Sidan hev Paal vori nord i Fjordane hjaa Syster si
eit Bil, og hjelpt henne med noko Arbeid; det finst ikkje
Arbeidsfolk der heller, maa-tru. Enkja driv Garden
aaleine no, med Einar til Hjelp — dei andre er paa
Skular eller paa Krambu —; ein Bror som Paal kann
daa vera god aa hava aa taka til; og han ^art verande
der nord ei god Stund.

No er han heime att; og alt er i sitt gamle Gjenge.
Sundagsstundine med. Dei hev eg sakna; um eg ikkje
kann vera med jamt, so er det altid godt aa vita at ein
hev deim. Helst no, daa eg hev vorti so vidt kjend med
Paal og Maaten hans, at eg kann gaa noko meir paa
med Spursmaali mine. Eg veit elles ikkje korleis det
hev seg; Spursmaali sprengjer ikkje so paa som fyrr,
minst naar eg er i Kvernhusheidi. Ja naar Paal talar,

217

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free