Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kjem dei gjerne reint burt; han hev sin eigin Maate,
han, og bryr seg lite um Spursmaal av dette Slage.
«Me skal ikkje vera Teologar,» segjer han; «me skal
fylgje Meistaren.» Men han vedgjeng, at eit Grand
Rydjing kann turvast her og der; for «mangt kann bli
ugreidt, naar Meistaren vert tolka etter Sveinane og
ikkje Sveinane etter Meistaren.»
Urfi Gunnar, Bror sin, fortél han ofte; den Mannen
hev vori ute i mangt. Og Trui hadde han reint misst.
Men han kom seg i den siste Tidi. «Han var ein
burt-komin Son,» segjer Paal, «og Faderen kunde han ikkje
finne. Men han fann Menneskjesonen; og hjaa honom
fekk han Kvile; og det er so: den som finn
Menneskjesonen er heime, um han so ikkje sjølv skynar det.»
Det er hüglegt i Kvernhusheidi. Gamle Maren held
godt i Stand. Og ho lær kaut, naar Paal kalar henne
Kona si. Det er utrulegt at han hev kunna faa so vidt
Skikk paa Maren Doktar; men det er vel som han segjer;
«med det gode vinn ein paa um det so var den Vonde
sjølv.»
Sundags Kveldyktine er gilde som dei hev vori. Stort
er ikkje Lage; Paal «forkynner Gjerningar», maa tru.
Og dei nyfikne er burtkomne no; det einaste kann vera
ein Bykar stundom (som denne Sunde, Maalaren som
laag her ifjor og maala Heialandsvatne og noko av
Lyngheidi der — «kann dere ikkje se hvor vakkert her
er da ?» undrast Sunde, naar han saag Folk helst
smaa-flirde —; naar Paal tala eller las, sat han gjerne med
ein Blyant og teikna han av; «forbanna karakteristisk
Hode!» sa’n). Det er dei gamle som held ut, nokre av
deim daa; og so kann det vera ein og annan ny, ein som
vil hava Greide paa Paal, eller som undrast paa, «um
desse Ting hev seg soleis»; nokon Sektskipar vert Paal
ikkje.
218
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>