Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og endaa kunde ein ha venta noko sovori, segjer dei
som kjenner han fraa yngre Aar. Han var ein djerv Kar
daa, og ikkje rædd Strid; fremst vilde han gjerne vera,
og hadde eit godt Lag til aa faa Folk med seg. Men so
kom han innpaa desse nye Synsmaatane sine; og daa
skifte alt um; han fekk Folke mot seg i Staden for med
seg. Og myrke Tidir kom; tungt fekk han aa bera; og
det hev teki paa han; sidan er han ein annan Mann.
Med alt det han enno hev att av sitt gamle djerve Lag,
— i sitt Liv hev han vorti stillfarande og smaafarande.
Upp i Aari er han au komin, ikkje so lite. Enno er
han full Kar, baade sterk og seig, med klaare gløgge
Augo og Andlit rolegt og greidt; men Skjegge under
Höko og rundt Kinni kvitnar, og det tette myrke Haare
tek til aa graane; «det lid til Vinters,» smiler han. Og
det er Fred og ikkje Strid han no tenkjer paa.
Sundagsstundine i Kvernhusheidi er ikkje
«Upp-byggjelsar» men Lag; me røder um laust og fast, og
kvar kjem med sitt; nytt fraa Bygdom vert fortalt, og
Sogur gjeng; er Maren stundom med, so dukar ho upp
med mykje og mangt; sist hugsar eg ho fortalde um
Carolus Magnus, som plar sjaa inn-um henne naar han
driv so att og fram «milom Tukthusi»; han er komin
heilt-upp paa Fantestig no.
Paal vert spurd til Raads um ymist; han skynar seg
paa jordiske Ting au. Og fortelja kann han. I seinare
Tidir hev han etter Bror sin fortalt ymist um Tilstand
og Arbeidsvilkaar i Amerika; det vert stridare og
stridare der med; so eg kann vel vera glad at eg ikkje for
dit, som eg ei Tid tenkte paa.
Men naar det lid til Kvelds, tek Paal Testamente; og
daa vert det stiilt. Han segjer eit lite Opningsord; «Herre
kven skulde me gange til utan til deg; du hev Livsens
Ord»; «Trøytte og mødde kjem me til deg, Meistar; hjaa
219
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>