- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
220

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

deg er det Kvild»; so slær han upp eit Stykke i eit
Evangelium og les; han held seg til Evangelie for det
meste. Ofte les han upp Stykke or Bergpreika utan
Tolking; «her finn me Gudsorde reint og klaart». Men
det han vert spurd um svarar han paa; og fær han eller
einkvar annan «noko aa segja», vert det sagt. Bønir
vert au haldne; «men me skal ikkje bruka mange Ord
liksom Heidningane». Og berre Samfundsbønir skal me
beda i Lag; «den som bed for seg sjølv skal gange inn
i Koven sin og lata att Døri, segjer Meistaren». Paal
sluttar med «den Bøni som inneheld alt»: Fadervaar.

Ofte vert det Samtale um det som er framført, eller
um Ting som heng ihop med det. Og Tilvisningar vert
upplesne og Tolkingar gjevne; siimt kann daa au koma
upp av det som eg hev arbeidt med og ikkje kunna
greide. Men meir og meir skynar eg, at Spursmaali

mine er ikkje so faarlege som eg hev tenkt.

*



Son hans Unge-Salomon Storbrekke var i
Kvernhus-beidi og skulde beda Paal hjelpe Far hans med noko
Arbeid.

«Det er smaatt med Stundine,» svara Paal. «Men no
er du Nils so stor; kann du ikkje sjølv hjelpe Far din
med sovori?»

Nei; Nils skulde paa Amtsskulen.

«Ja so, Farr. Og sidan til Byn, kannhende?»

Ja; kunde han faa noko der aa gjera, so.

«Det fær du visst; det er Lande Byen liver av, veit
du. Men Garden? Læt du Bror din faa den?»

Nils mylte. «Vil han gaa der og grava i Lorten, so
maa han gjerne for meg.»

«Naa, du er alt Gategut,» sagde Paal. «Ja-ja; eg
skynar Far din treng Hjelp; eg skal koma.»

220

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free