- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
222

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

svarar Abraham stutt: dei kann høyre Moses og
Profetane. Han meiner: det skulde du au gjort.

Ubroderlegt for Rikingen fram og kann ingin
Brorskap vente; i Pinsla fær han liggje, til dess den siste
Skjerven av Skuldi hans er betalt.

Men Lasarus kviler fraa sine vonde Dagar paa Jordi;
han er i Abrahams Fang, i Paradis.

Lat ingin lide Naud! Um du var den rikaste i Verdi
og den gjævaste Abrahams-Son: den verste Fillefanten

som ligg utanfor di Dør full av Saar, han er Bror din!

*



Tekst: Dei som styrer Folki held deim under
Herrevelde, og Stormennane brukar Magt yvi deim; men so
skal det ikkje vera millom dykk; den som vil vera stor
millom dykk skal vera Tenaren dykkar, og den som vil
vera den fyrste millom dykk skal væra Trælen dykkar.

–So motsette er Heimsrike og Gudsrike.

Ufred er Live i Verdi. Du skal elske deg sjølv og
hata din Fiende er Grunnlovi der; stor er den som held
Brørar under Herrevelde og brukar Magt yvi deim,
og Fyrstemann den som best kann slaa til seg og
mest leggje under seg; det sterkaste Dyre er den
største.

Men Gudsrike er Fred. Du skal unne jamvel din
Fiende som du unner deg sjølv er Grunnlovi der; stor
er ikkje den som tek og krev, men den som hjelper og
gjev; Tenaren og Trælen er stor; han tenar og trælar av
Kjærleik og for Systken; størst er den som elskar mest.

Alra-størst er Menneskjesonen, som mest heilt kjende

seg i Samanheng med Ætti.

*



222

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free