- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
223

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tekst: Eg er ikkje komin til aa kalle rettferdige
men Syndarar til Umvending.

–Dei friske treng ikkje Lækjar; den Sonen som

er heime tarv ikkje koma heim. Syndaren, den
burt-komne, han som hev fari villt og sistpaa kannhende
gjeng og gjæter Svin, aaleine og forkomin, det er han
som treng til aa snu, søkje ny Veg, finne heim; og til
aa rettleide slike er Meistaren utsend. Han veit at der
er meir Glede i Himilen yvi ein Syndar som snur enn
yvi ni og nitti rettferdige; det er for den heimkomne,
Faderen held Gjestebod; han veit, at lengi nok hev
Stakkaren havt det vondt.

Dei rettferdige er ikkje dei sjølvrettferdige; kva Jesus
meiner um deim fær me vita i Sogo um Farisæaren og
Tollaren i Temple. Der stend Farisæaren og hyggjer
seg med si Rettfærd; med honom er det daa ikkje meir;
han maa vera for den han er. Men Syndaren, som
ved-gjeng si Synd og dermed vender seg fraa ho, han gjeng
rettferdiggjord heim til sitt Hus; for honom er der
Framvon.

Han er kje langt komin som kann gjera seg til av si
Dygd; ingin kyter av si Rettferd som veit, at det gjeld

aa naa fram til det fullkomne.

*



Tekst: Det er dei siste som skal verte dei fyrste, og
dei fyrste som skal verte dei siste.

–Det galdt for Israel og det gjeld for oss: mange

som trur seg i fremste Rad vil ein Dag finne seg millom
dei attarste.

Mange er kalla men faae utvalde; faae fygljer
Meistaren, so dei kunde bli Medstridarar og Medstyrarar i
Rike hans. Me er millom dei mange; lat oss sjaa aa

223

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free